Populær odelsjente frå Valdres

Bokserien «Odelsjenta», med handling lagt til Aurdal frå slutten av 1800-talet og framover, har blitt ein kjempesuksess, skriv Avisa Valdres.

I neste veke kjem forlaget Cappelen Damm med bok nummer 26 i serien. Boka, med tittelen «Kjærlighet og savn», er trykt i eit opplag på 40.000. I Norge har det i alt kome ut over 1,5 millionar bøker i serien, som også blir gjeven ut i Polen.

Fleire bøker

Forfattar Anne Marie Meyer (51) er oppvaksen i Etnedal. Ho seier det er heilt uverkeleg korleis serien, som vart lansert i 2007, har blitt motteken.

– Det går nesten ikkje an å drøyme om å få ein så stor lesarskare. Eg blir heilt audmjuk når eg tenkjer på det, seier Meyer. Ho legg til at det i alle fall er planlagt nokre bøker til i serien Odelsjenta, som også er populær på biblioteka både i Valdres og elles.

Journalistutdanning

Meyer er fødd og oppvaksen i Etnedal, men flytte til Leira som 16-åring, til jobb som kjøkkenjente ved folkehøgskulen. Ho har framleis både mor og systre i Valdres. Meyer fortel at det var litt tilfeldig at ho slo inn på bokskriving, sjølv om ho var glad i å skrive heilt frå tida som småjente.

– Ryggproblem gjorde etter kvart at jobben som kokk vart for tung. Difor tok eg eit eittårig journalistikkstudium, etterpå vart det jobb i fire år som journalist for Evangeliesenteret i Oslo, ein kristen organisasjon som jobbar med rusmisbrukarar, fortel ho.

Sende inn idé

Det var i tida her at Meyer tilfeldig kom over eit innstikk i ei seriebok der Cappelen forlag søkte etter nye serieforfattarar.

– Eg tok mot til meg og sende inn ein idé eg hadde, fortel Meyer. Ideen vart godt teke imot, og ho vart fyrst invitert til å sende inn tre kapittel. Også dette fall i god jord, og Meyer fekk klarsignal til å skrive heile boka.

– Sommarferien 2005 gjekk med til å skrive ferdig fyrsteutkastet. Ganske snart fekk eg positiv

tilbakemelding, og etter kvart framlegg til kontrakt på 15 bøker, fortel Meyer. Sidan 2006 har ho skrive på full tid, og til no er det altså blitt 26 bøker i serien om odelsjenta i Aurdal.

– Stolte av Anne Marie

Redaksjonssjef Bjørg Larsen Rygh i Cappelen Damm er glad for at underhaldningsseriar som «Odelsjenta» har blitt meir akseptert, og legg til at serien er viktig for forlaget.

Odelsjenta 26: I salg 28. februar!

– Vi er veldig stolte av Anne Marie. Ho skriv godt, og har skapt eit eige univers med personar som mange lesarar ynskjer å fylgje. Sjølv om handlinga er lagt til ei anna tid er det attkjenning på mange felt, difor vil lesarane framleis ha meir, seier Larsen Rygh.

Lesarundersøkingar syner at dei fleste lesarane av slike seriebøker er kvinner over 40 år. Larsen Rygh fortel at også mange menn les seriar som Odelsjenta, og at det også er mange unge lesarar.

– Ikkje alle bøker treng å vera kompliserte. Dette er lett underhaldning som mange les også på

trikken eller på venterommet. Det viktige er at folk les, og at dei har glede av det, seier Larsen Rygh.

Artikkelen er skrevet av journalist Tor Harald Skogheim og stod på trykk i Avisa Valdres 25. februar 2011. Teksten er gjengitt i sin helhet med tillatelse fra avisa.